Tron Steffen Westberg
Violin
← Alla artister

Tron Steffen Westberg

Tron Steffen Westberg

Violin

Tron Steffen Westberg spelar hovudsakleg slåttar frå Røros-distriktet med tyngdepunkt i Brekken, men han går heller ikkje av vegen for hardingfele-slåttar frå Setesdal og Telemark. Tron Steffen er musikalsk leiar i Brekken Spellmannslag, medlem av gammeldansgruppa Småviltlaget som har vunne Landsfestivalen i gammeldansmusikk 2 gonger, og i trioen Westberg/Haugom/Frostvoll som har vunne Landskappleiken ein rekkje gonger. Tron Steffen fekk Saga-prisen i 1997 og vann kongepokalen under Landskappleiken i 1999. Aller best likar Tron å spele til dans og han er kjend for sitt sermerkte og drivande flatfelespel.